Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 20
Pressemelding | Dato: 09.05.2025 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 12. og tysdag 13. mai
Energiminister Terje Aasland deltek på EUs uformelle energiministermøte i Warszawa i Polen. Energisikkerheit og gjenoppbygging av energiinfrastrukturen i Ukraina er sentrale tema for møtet. Aasland skal også delta på eit uformelt møte med dei nordiske energiministrane, ein polsk-nordisk næringskonferanse og eit ministermøte om sikring av energiinfrastruktur i Austersjøen. Akkrediteringsfristen har gått ut. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].
Onsdag 14. mai
Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit ope møte om kraftpolitikk, i regi av Sandnes Ap. Møtet går føre seg på Folkets Hus i Sandnes. Adresse: Kirkegata 1. Pressekontakt er politisk rådgivar Snorre Erichsen Skjevrak, telefon 41 25 20 66.
Torsdag 15. mai
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandlinga av saker på energifeltet. Aasland svarer også på ein interpellasjon om utbygging av kraftnett. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].
Fredag 16. mai
Kl. 09.15: Energiminister Terje Aasland deltek på eit seminar for nasjonale oljeselskap frå heile verda. Seminaret blir arrangert av Rystad Energy, og går føre seg på Grand Hotel i Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].
Kl. 10.00: Energiminister har eit møte med Forskingsrådet, der han tek imot ein studie som viser effekten av forskinga som er gjennomført dei siste åtte åra. Møtet går føre seg i Energidepartementet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post [email protected].