Utanriksminister Eide om angrep på Leger utan grenser-sjukehus i Sør-Sudan
Nyheit | Dato: 08.05.2025 | Utanriksdepartementet
– Det militære angrepet på eit Leger utan grenser-sjukehus er uakseptabelt og strupar medisinsk tilgang for tusenvis av sivile. Eg er særs uroa for utviklinga i Sør-Sudan, seier utanriksministar Espen Barth Eide.
Leger utan grensers sjukehus og andre sivile strukturar i Old Fangak blei angripne frå lufta 3. mai. Organisasjonen forteljar at 7 menneskjer er drepne. Alle parter i Sør-Sudan er informerte om plasseringa på sjukehus og andre sivile strukturar. FNs kommisjon for menneskerettar i Sør-Sudan ber om etterforsking.
– Helsepersonell skal vernast. Dette er eit grunnprinsipp i internasjonal humanitær rett. Den må respekterast, sier Eide.
Den politiske og tryggleiksmessige situasjonen i Sør-Sudan har dei siste månadene forverra seg på måtar ein ikkje har sett sidan før den noverande fredsavtalen blei underskriven i 2018.
– Dette er ei politisk skapt krise. Eg oppmodar sørsudanske leiarar om å garantere for tryggleiken og fridomen til alle borgarar, også politiske motstandarar. Det er no naudsynt med ein dialog mellom sentrale aktørar som tar sikte på å finne ei politisk løysing. Slik vil dei setje folket si interesse først, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.