Revidert nasjonalbudsjett
20 millionar til nytt ungdomsprogram
Pressemelding | Dato: 15.05.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa styrker innsatsen for unge under 30 år. I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å bruke 20 millionar kroner på å starte forsøk med eit nytt ungdomsprogram.
– Ungdomsprogrammet er eit direkte svar på at for mange unge i dag står utanfor jobb og utdanning, og for mange endar opp på trygd. Der dagens system legg for stor vekt på helseproblem, vil regjeringa teste ut eit tilpassa program som gir ungdom inntekt så lenge dei deltar i aktivitet, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Programmet skal gi unge som treng hjelp for å kome i jobb, tilbod om deltaking i eit opplegg der ytinga ikkje er knytt til helsetilstand, men til aktivitet. Fokus skal vere på kva dei kan bidra med – ikkje på kor sjuke eller friske dei er.
Gjennom programmet får deltakarane rettleiing, arbeidserfaring og hjelp til å bli klare for arbeidsmarknaden eller utdanning.
– Vi treng ungdommane våre i jobb. Dei treng å få bruke evnene og kreftene sine i fellesskap med andre. Derfor har vi prioritert å bruke 20 millionar på dette programmet no, seier Brenna.
Skal starte hausten 2025
Programmet er ei forsøksordning som skal starte opp hausten 2025. Bakgrunnen er at over 100 000 unge i dag står utanfor arbeid og utdanning. Målet er å hjelpe fleire unge under 30 år inn i arbeidslivet.
Det blei bevilga 30 millionar til ei ny saksbehandlingsløysing for programmet i haust. I tillegg blei løyvinga til aktive arbeidsmarknadstiltak og personellressursar i Nav styrkt med nesten 470 millionar kroner i budsjettet for 2025. No aukar regjeringa innsatsen mot dei unge endå meir.
Midlane regjeringa foreslår å bruke, blir omdisponerte frå tiltaksposten i budsjettet til ein ny budsjettpost for ungdomsprogrammet. Målet er å starte forsøket hausten 2025.
– Ungdom må få vise kva dei kan, i staden for å måtte bevise at dei er sjuke for å få ei inntekt. Når deltakarane veit at dei har ei grunnleggande inntekt gjennom programmet, kan dei bruke tida og energien sin på å lære, utvikle seg og søkje jobb, seier Brenna.