Presseinvitasjon:
Tokt i Oslofjorden med klima- og miljøministeren og Oslofjordrådet
Nyheit | Dato: 28.05.2025 | Klima- og miljødepartementet
Tysdag 3. juni inviterer klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen Oslofjordrådet med på tokt i Oslofjorden. Her skal dei få betre innsikt i korleis tilstanden er for livet i fjorden.
– Situasjonen for økosystema i Oslofjorden er alvorleg. Vi ser nedgang i mange viktige artar, og særleg alvorleg er det for torsken. Arbeidarparti-regjeringa har gjort konkrete grep for å betre tilstanden i Oslofjorden med eit krafttak med særleg fokus på dei største påverkingane; avløp, jordbruk og fiskeri. Men det er framleis langt igjen før vi har ein frisk fjord, og derfor er det viktig å holde trykket oppe, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Økosystema i Oslofjorden står i sentrum når klima- og miljøministeren møter Oslofjordrådet tysdag 3. juni. Som del av rådsmøtet skal dei ut på tokt med M/S Ny Vigra III for å undersøkje livet på havbotnen. Under møtet vil Miljødirektoratet òg presentere ein ny rapport om fysiske inngrep som påverkar gruntvassområda i Oslofjorden.
Statssekretær Kristina Hansen i Nærings- og fiskeridepartementet deltek òg på møtet.
Pressa er invitert til å delta på følgjande delar av møtet i Oslofjordrådet:
- Kl. 11:10–11:30: Møte i Oslofjordrådet der Miljødirektoratet presenterer den nye rapporten. Stad: Drøbak Akvarium, Havnegata 4, Drøbak
- Kl. 11:30–14:00: Tokt med M/S Ny Vigra III, inkludert lunsj om bord. Stad: Kaia utanfor Drøbak Akvarium
NB: Avgrensa tal på plassar. Påmelding naudsynt.
For påmelding, kontakt pressekontakt i klima- og miljødepartementet: Kari Asheim, [email protected], Tlf: 9084160
Oslofjordrådet vart oppretta i 2021 og møtast to gongar årleg for å sikre framdrift i arbeidet med Oslofjordplanen. Rådet består av eit utval av ordførarar og fylkesordførarar. I tillegg deltek representantar frå statsforvaltarane, Oslofjordens friluftsråd, Norges Fiskarlag og Norges Bondelag. Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen leier rådet.