Staten og LO Stat er komen til einigheit i mekling

Staten og LO Stat blei einige om eit oppgjer på 4,4 prosent, som er i tråd med frontfagramma.

Bildet viser statsråd Karianne Tung og LO Stat-leder Elisabeth Steen
Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung og LO Stat-leder Elisabeth Steen.

– Dette er eit mellomoppgjer der vi berre forhandlar om økonomi. Det er positivt at vi no har kome til einigheit også med LO Stat om eit oppgjer som gir grunnlag for reallønnsvekst til alle og støtter opp om ei samordna lønnsdanning i staten, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Staten kom til einigheit med Akademikerne, Unio og YS Stat under forhandlingane som blei avslutta 1. mai.

I avtala med LO Stat gis alle eit kronetillegg på 6 600 og eit likt prosentvis tillegg på 1,5 prosent av fastlønna. Den sentrale avsetninga utgjer 60 prosent av ramma. Dei resterande 40 prosentane skal fordelast i lokale forhandlingar.

Den disponible ramma kjem fram ved å trekkje overheng og gliding frå den framforhandla frontfagramma på 4,4 prosent. Sjå forklaring på kva overheng og gliding er. Dette inneber at det lokalt skal forhandlast innanfor ei ramme på  1,35 prosent av lønnsmassen

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 20 00

OSZAR »