Revidert nasjonalbudsjett
Regjeringa varslar endringar i ALIS-tilskotet
Nyheit | Dato: 15.05.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
Stadig fleire nordmenn får fastlege, og det har aldri blitt rekruttert fleire fastlegar enn no. I år er det løyvd over 560 millionar kroner til tilskotsordninga for legar som spesialiserer seg i allmennmedisin. I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å auke løyvinga med ytterlegare 27 millionar kroner, samtidig som det blir varsla endringar i ordninga.
– Denne regjeringa har styrka fastlegeordninga med over ein milliard kroner. Sidan oktober 2021 har over 160 000 fleire fått fastlege. Det har blitt rekruttert fleire fastlegar, og legane seier dei trivst og vil stå lenger i yrket, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Tilskotsordninga for legar som spesialiserer seg i allmennmedisin (ALIS-tilskotet) er eit tiltak som bidrar til rekruttering av legar til fastlegeordninga.
ALIS-tilskotet har blitt auka i fleire omgangar i inneverande regjeringsperiode, frå 102 millionar årleg i 2021 til 565 millionar kroner i 2025.
Parallelt har talet på søknader om ALIS-tilskot auka betydeleg. For å halde tilskotet innanfor ansvarleg budsjettramme, blir perioden det kan søkast tilskot for i komande søknadsrunde kortare enn ved tidlegare tildelingar. Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å legge på 27 millionar kroner ekstra og auke tilskotet til 592 millionar kroner for å gi tilskot ut mai 2025.
– ALIS-ordninga er og skal framleis vere ei attraktiv ordning, og ho har bidratt til den gode utviklinga vi no opplever. Samtidig har kostnadene til ordninga auka betydeleg, og derfor er det riktig å gjere endringar no, seier Vestre.
Regjeringa vil fortsette ordninga med ALIS-tilskot, og vil justere regelverket for tilskotet som gjeld tilskotsperioden som startar i juni 2025. Endringane blir kommunisert så snart dei er klare.