Presseinvitasjon
Overrekking av delrapport frå fødselstalsutvalet
Nyheit | Dato: 22.04.2025 | Barne- og familiedepartementet
Torsdag 24. april mottek barne- og familieminister Lene Vågslid delrapport frå utvalet som greier ut om utviklinga i fødselstal.
Overrekking av delrapport frå fødselstalsutvalet

Sjå sendinga her
Les delrapporten frå Fødselstalsutvalet:
- Fallende fødselstall i Norge: utvikling og mulige tiltak for unge voksne – delleveranse fra Fødselstallutvalget
- English summary: Declining birth rates in Norway: Development and possible policy measures for young adults
Utvalet blei oppnemnd av regjeringa Støre 09.08.24, og skal greie ut om moglege årsaker til at vi får færre barn enn tidlegare, korleis det vil påverke samfunnet, og moglege tiltak for å snu utviklinga.
Delleveransen skal som eit minimum innehalde einskilde tiltak som kan auke fødselstala. Utvalet skal levere ein NOU vinteren 2026.
Utvalsleiar Rannveig Kaldager Hart, førsteamanuensis ved Institutt for helse og samfunn, UiO, seniorforskar, FHI, vil presentere delrapporten.
Etter framlegginga er det høve for intervju med barne- og familieministeren og utvalsleiaren.
Tid: Torsdag 24. april kl. 10.00–11.00. Registrering frå kl. 09.30. Hugs pressekort og gyldig ID.
Stad: Presserom i R6, Teatergata 9, Oslo.
Påmelding: Presse som ønske å dekke møtet kan melde seg på innan onsdag 23. april til [email protected].
Strøyming: Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post [email protected]
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.