Revidert nasjonalbudsjett

Ny delingsordning for fornybar kraft tilpasset næringsområder

Regjeringa foreslår ei løyving på 30 millionar kroner for å gi fritak for elavgifta i ei delingsordning for fornybar kraft. Ordninga skal tilpassast næringsområde og gjere det meir lukrativt å dele på produksjonen av fornybar kraft.

– Delingsordninga vil gi næringslivet fleire insentiv til å produsere og dele på straumen. Fritak frå elavgift og eit godt rammeverk for samarbeid kan gi meir kraft, samtidig som me unngår naturinngrep og får minst mogleg verknad på kraftsystemet, seier energiminister Terje Aasland.

Formålet med delingsordninga er å gi insentiv til å etablere ny, fornybar kraftproduksjon i tilknyting til næringsområde. Først og fremst i form av solcelleanlegg på taket på næringsbygg, men også gjennom andre produksjonsteknologiar. Eit fritak for elavgift kan utløyse investeringar i nye produksjonsanlegg, og samtidig hjelpe næringsverksemder med å få ned energikostnadene sine gjennom å investere i egen produksjon.

Energidepartementet og Finansdepartementet har hatt eit forslag på høyring som legg til rette for deling av fornybar kraft tilpassa næringsområde. I høyringa foreslo departementa at ordninga skulle gjelde for «samanhengande næringsområde». Dette er meint å omfatte næringsområde, næringsparkar, industriparkar og liknande, der verksemder er samlokalisert og på ulike måtar samarbeider og deler på fellesfunksjonar. Det kom inn 79 innspel i høyringsrunden. Innspela er no til vurdering i departementa før den endelege innretninga av ordninga blir presentert før sommaren.

Målet er at ordninga skal fastsetjast før 1. juli 2025 og at forskrifta tek til å gjelde så snart som mogleg etter det.

OSZAR »