Norsk kandidat til å leie FN sitt utviklingsprogram (UNDP)
Pressemelding | Dato: 14.05.2025 | Utanriksdepartementet
Regjeringa støttar Bård Vegar Solhjell som kandidat til å bli ny leiar for FN sitt utviklingsprogram (UNDP). Stillinga blir ledig når noverande toppsjef, Achim Steiner, fråtrer i juni.
– Solhjell har leia arbeidet med å reformere Norad og norsk bistand, og er derfor svært godt kvalifisert til å leie UNDP, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.
UNDP er ein av FN sine største program, med globalt ansvar for å få bukt med fattigdom, redusere ulikskap, og fremje fredelege samfunn og berekraftig utvikling. Organisasjonen har nærvær i 170 land og hovudsete i New York.
– UNDP har i fleire tiår vore ein av dei viktigaste samarbeidspartnarane våre innan utviklingshjelp. Partnarskapen held fram med å vere sterkt, og UNDP har behov for ein leiar som kan bidra til både omstilling og global leiarskap innan berekraftig utvikling, seier Aukrust.
Noreg er ein av UNDP sine største bidragsytarar, og det einaste landet i OECD som bidreg med meir enn éin prosent av BNI i bistand, som òg er målet til regjeringa.
Å få fleire nordmenn inn i internasjonale organisasjonar har lenge vore eit mål for norske regjeringar.
– UNDP er ein svært viktig organisasjon for Noreg. Ved å fremje ein sterk norsk kandidat, bidreg vi til å auke talet på nordmenn i leiande stillingar i FN. Det er viktig i den brytningstida vi er inne i, med viktige og store reformer på gang i FN. Vi er dessutan ein stor bidragsytar, og då er det òg viktig at Noreg er representert i slike sentrale posisjonar, seier Aukrust.
Solhjell har erfaring både som utdanningsminister 2007-2009, miljøvernminister 2012-2013 og statssekretær for statsminister Jens Stoltenberg. Han har vore leiar av Direktoratet for utviklingssamarbeid, Norad, frå 2020.
Det er generalsekretæren i FN som utnemner neste leiar for UNDP. Søknadsfristen går ut 26. mai.
Fakta om UNDP
Noreg er ein av UNDPs største bidragsytarar, og utbetalte 2 267 milliardar kroner til organisasjonen i 2024. 428,4 millionar kroner av desse var kjernestøtte. Noreg held fram med å vere ein av dei største givarane i ei uroleg tid der fleire av dei tradisjonelt største givarane reduserer si støtte. Noreg er vertsland for UNDP sitt kunnskapssenter «Global Policy Centre for Governance».
Meir informasjon om UNDP finn du på nettstaden deira.