Endringar i lover og forskrifter frå 1.juli frå Helse- og omsorgsdepartementet

Her er ei oversikt over viktige regelendringar frå 1. juli frå Helse- og omsorgsdepartementet sitt ansvarsområde.

Rett til å krevje godkjenning av private verksemder og til å regulere bruken av nemningane sjukehus og legevakt

Det skal kunne krevjast godkjenning av private tilbydarar av også andre helse- og omsorgstenester enn spesialisthelsetenester, viss det er nødvendig av omsyn til blant anna kvalitet og pasientsikkerheit. Det skal i tillegg kunne krevjast godkjenning av private viss det er nødvendig for å sikre tilstrekkeleg helsepersonell i eit forsvarleg offentleg tilbod.

Bruken av nemningane sjukehus og legevakt skal kunne regulerast. Endringane trer i kraft 1. juli.

Rett til nødvendig helsehjelp i den offentlege tannhelsetenesta for personar mellom 25 og 28 år

Personar i alderen frå 25 til og med 28 år får ein lovfesta rett til nødvendig tannhelsehjelp i den offentlege tannhelsetenesta. Denne pasientgruppa skal berre betale eigendel på 25 prosent av takstane til Helse- og omsorgsdepartementet. Dette er det same som allereie gjeld for gruppa unge vaksne frå 19 til 24 år. Endringane trer i kraft 1. juli 2025.

Det blir enklare å etablere brukarrom og rusmiddelanalyse

Det blir gjort endringar i kva rusmiddel ein kan bruke i brukarromma. Kommunane får vidare høve til å tilby rusmiddelanalyse til dei registrerte brukarane i brukarrom, og til å gjere unntak frå nokre av krava til brukarromordningar. Endringa trer i kraft 1. juli.

Endringar i forskrift om betaling frå pasientar for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetenesta

Det er fastsett heimel for at helseføretak kan ta betalt for Non-invasiv prenatal test (NIPT) av kvinner under 35 år ved termin utan andre indikasjoner for fosterdiagnostikk. Pasientbetalinga blir sett til 6 000 kroner, jf.  § 9 bokstav h.

Unntak for betaling av bandasjemateriell

Det blir innført unntak for betaling for bandasjemateriell og/eller bedøvelsesmiddel for born under 16 år, jf. § 8 første ledd.

Forsøksordning med nettlege i allmennlegetenesta (kommunal nettlege)

Legar som yt digitale legetenester i kommunar som har avtale med Helsedirektoratet om å delta i forsøksordninga med nettlege i allmennlegetenesta skal få refusjon frå Helfo. Forskrifta tredde i kraft 23. juni. 

Statsforvaltarane får myndigheit til å gi pålegg om retting av uforsvarlege forhold i helse- og omsorgstenesta

Statsforvaltaren får myndigheit til å pålegge verksemder i helse- og omsorgstenesta å rette uforsvarlege forhold. Dette inneber at både statsforvaltaren og Helsetilsynet no har denne myndigheita. Endringa tredde i kraft 20. juni.

Ny abortlov

Den nye abortlova som utvidar grensa for sjølvbestemt abort og fosterantalreduksjon til utgangen av 18. svangerskapsveke, tredde i kraft 1. juni.

Eigendel knytt til ny abortlov

I ny abortlov er det regulert at personar som har gjennomgått abort skal ha rett til oppfølgingssamtale. I proposisjonen går det fram at det skal givast rett til to samtalar, og at desse skal vere gratis. Samtalane kan gjennomførast i spesialisthelsetenesta, ved helsestasjon eller hjå fastlege. Det er derfor frå 1. juni 2025 regulert i forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøking og behandling hjå lege § 3 nr. 9 at det blir gitt inntil to oppfølgingssamtalar etter abort utan at det krevst eigendel.

Saka blir oppdatert med lenke til Lovdata. 

OSZAR »